2005 Kawasaki ZX6R Ninja - 45542 km (Kjøpt ved 36644 km)
- Kjøpt Januar 2014
- Kjøpte eit deksel og erstatta det øydelagde på venstre sida
- Montert Oxford heated grips
- Lakkerte felgjane i Kawasaki-grøn
- Nye foringar i felgjane, framme og bak
- Ny bakaksling og mutteren bak, samt eit tannhjul til bakre tannhjul
- Nytt Pirelli bakdekk (180/55 ZR17, montert på 36827 km)
- Gullfarga bobbins
- 12v uttak ved clusteret
- Skifta til svart, og høgare vindskjerm
- Skifta stator med tilhøyrande boltar, samt venstre bolt på tanken.
- Skifta til Comp 4 10w40 (44497 km)
- Eksos med litt meir futt og lyd i
- Ombygd bakende, minimalt skiltoppheng, og bakreflektor med integrert køyre-, bremse- og blinklys i led.
Føl med tanklokktrekk og tankveske i grønt, samt baksete, og cover istadenfor setet. Originale deler
Negative ting med sykkelen:
- Må ha nytt framdekk i løpet av neste sesong
- Høgre deksel framme har kvite flekker på seg
- Nedre deksel har ein skade, etter at vi var uheldige då vi skulle setje sykkelen på tilhengjar. Den "hang etter" i hengjarkanten.
- "hurtigknappen" for longlys verkar ikkje, er nok snakk om leidningdefekt. Normal knapp for longlys fungerar som den skal.
- Har nokre stygge merkjer på kåpa bak.
Har komplett oversikt over kva som er gjort, kva kilometerstand, og kostnadane ting har hatt, samt fleire bileter som vart teke i dag, om dette er ynskjeleg.
Eg ynskjer å selgje sykkelen, fordi eg vil ha ein meir touring-vennlig sykkel, med plass til bagasjekoffertar på sidene og på topp, med betre baksete, men som framleis har godt drag, og ein kan ha det morosamt med på bane. Eg må IKKJE selgje sykkelen, men vil sjå an kva eg kan få for den. Er utruleg nøgd med sykkelen slik den er, men saknar litt fleire moglegheiter ved passasjerar, og litt lengre turar der det ikkje er nok med tankveska. Den vart vaska og sett til vinterlagring i Stjørdal i dag (09. November 2014).
Prisantydning: rundtom 65-70k.
2005 Kawasaki ZX6R
- Papi
- Innlegg: 64
- Registrert: 30 sep 2013, 22:55
- Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800
2005 Kawasaki ZX6R
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions
Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw
I <3 CAKE.
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions
Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw
I <3 CAKE.