Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Din egen Forum-blogg! Om MC-livet ditt og annet du vil dele med andre.
Svar
Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

Eg har ein stygg tendens til å skrive mykje, men eg tek ting kort, kjapt, og enkelt i fyrstninga.

Ung herremann på ein alder mellom 13,5 og 95. Har køyrt bil i fleire år, hatt fleire kjekke sportsbilar, Nissan 200SX, Mitsubishi 3000GTO VR4, Subaru Impreza WRX.. Ein kompis har også i lengre tid prøvd å fått meg over på MC, men det glapp liksom ikkje heilt, før no i seinsumaren, tidleg haust.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 6412_n.jpg[/img]
Fyrste skikkelige sportsbilen min, ein '90 200SX S13, lettare frisert med den faste oppskrifta; Større turbo, intercooler, 3" eksos, bensinpumpe, dyser, mapping, the works. Den solgte eg til ein kompis av meg. Den andre, ein japseimportert høgreratta '92 Mitsubishi 3000 GTO VR4. Stort sett original (he-he), sidan det er ein rimelig spesiell bil. Ikkje mange av desse i Noreg. Denne vart kjøpt rett etter at eg solgte Nissanen. Denne vart også solgt til ein annan kompis, som bur på Hønefoss. Liten artikkel om Mitsubishien på Broom.no: http://www.tv2.no/underholdning/broom/b ... 58152.html.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... C_5399.jpg[/img]
(Imprezaen min. Dei bil-interesserte, har kanskje sett denne på nett også? Også denne saken på Broom: http://www.tv2.no/underholdning/broom/b ... 48518.html

Liten artikkel om det som gjorde at eg gjekk litt lei bil for ein stund... Imprezaen er framleis i "hovudrolla".

http://www.tv2.no/underholdning/broom/h ... 01754.html

På eit punkt gjekk eg lei bil, og ville derfor ta mc-lappen. MC-lappen tok eg i haust, og gjorde eit innkjøp av ein '98 Suzuki GSX-R600, som eg fekk rimelig. Fekk nokre gode køyredagar på denne, før vinteren slo til, og fann ut ka eg ville ha vidare.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ba88ee.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 43195d.jpg[/img]
Mor mi likte sykkelen då, heldigvis. Far er heilt imot sykkel, men mor.. Heilt for. Haha, trass i at eg er gammal, har eg framleis greitt med hår. Tek på å verte gammal.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... b2cecc.png[/img]
Kompisen min på sin Kawasaki, og eg på min Suzuki.

På eit punkt i haust gjekk eg lei av bil også, så då tenkte eg at no var det på tide å bli vaksen. Eg solgte unda både Imprezaen, og sykkelen. Ein veke etterpå, kjøpte eg meg Kawasakien. Yeah, vaksen. Right.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 85137b.jpg[/img]

Denne tråden kjem berre til å bli brukt som tråd dedikert til mitt MC-liv. Eg har mange andre hobbyar også, eg går mykje på turar, trenar, dreg til utlandet, skyt mykje, arbeid mykje, så.. Det er eit ork å rekkje over alle hobbyane. Men alt går seg til!
Sist redigert av Papi den 21 jan 2016, 10:33, redigert 1 gang totalt.
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av Papi »

Eg er medlem av gruppa "Motorsyklistenes Facebookside", og i anleiing eit uhell som skjedde i dag, følte eg for å skrive eit respons, på all den kritikken refleksvestpåbodet har fått, sidan det kom, etter 1. Januar i år. Sidan eg skreiv så mykje, fann eg ut at eg også ville skrive det her, så ein ser kva MITT standpunkt i dette her, samstundes som eg fortel om min tur i dag på sykkel.

Refleksvestpåbod som skal ver MED MC'n, nyttig, eller bortkasta?

I dag, 5. Februar 2014, var eg ute på motorsykkeltur. Tenkte meg til eine nabokommuna, noko som involverte ein tur på rundt to-tre timar i salen. Rundt fire til sju plussgrader, fine, berre vegar, "ny" brukt skinndress, musikk i øyrene, sol på himmelen, dette skulle verte ein FLOTT dag. Svingete vegar, kun tofeltarar, velkomen til det glade vestlandet. Fleire køyrefelt i same retninga her, er like sjeldan som bærumsnobbar på countryfestival. Det skjer, men når det skjer, så blir du _veldig_ overaska.

Etter femten minutt i salen, ser eg ein bil som kjem mot meg i sin køyrebane, men bilen låg "skeivt" i vegbana. Eg tenkjer med meg, at han har punktert. Eg nærmar meg, og ser ein long stripe med motorolje, og ein flekk i grøfta på mi høgre side, som har nyleg blitt riven opp.

Sjåføren har køyrt i grøfta, og blitt slengt opp i vegen att, og trilla.

Eg var fyrste person på åstaden, parkerte sykkelen på nærmaste utkøyrsle, heiv av meg hjelm, og sprang tilbake til bilen. Heldigvis for alle, gjekk det bra med den forulukka. Han var tydleg sjokka, men hadde ikkje skjedd noko utover dette. Eg kjenner folk her lokalt, så eg fekk tak i bilberging, så dei kom og henta bilen.

Kvar kjem vesten inn i historia? Ingen plass. Eg hadde gløymt att vesten min heime. Dette biluhellet hende rundt 1330, ein heilt vanleg onsdag, på bygda. DEtte skjedde på ein riksveg, som i utgongspunktet ikkje er så høgt traffikert. Men her stod vi i ro, det kom mange bilar forbi, og ingen av oss som stoppa, hadde refleksvest.

Var det dumt? Ja.

Vi risikerte faktisk livet, då vi skulle hjelpe andre. Vesten hadde eg pakka klar, og pla vanlegvis ha liggjande i bagasjerommet, eller på meg, under vanlige kle, men dette skjedde ikkjei dag. Eg risikerte å bli påkøyrt, for det eg ikkje var så lett å sjå, med min svarte skinndrakt, med lite andre fargar på.

Angra eg på at eg ikkje hadde den med? Ja.

Eg er fersk motorsyklist, men eg har køyrt bil i mange år. Mange er tvilande til påbodet om å ha med refleksvest, og det er heilt greitt, men det hjelper deg fint lite den dagen du har behov for det, for å hjelpe deg jsølv, eller andre, om vesten ikkje er i bruk. Ja, andre BØR sjå oss, og så vidare, vi hadde jo opp trekantar føre og bakom, så dei var synlige på long veg, men likevel, den gongen ein annan sjåfør gjer ein personleg feil, og ikkje ser deg. Harde fakta, mennesker er svake i trafikken, både mot ein bil, og som sjåfør for ein bil. Vi er utruleg skjøre, så enkelt er det berre.

Kjem eg til å ha det med heretter, utan å klage? Ja. Eg er ikkje den største fanen av å BRUKE det, under køyring, men eg har INGEN problem med å ta den med. Endå mindre problem no, etter dette uhellet i dag. Det var ikkje mitt uhell, men... Men eg var der. Eg var fyrst på staden. Eg SKULLE HATT VEST MED, OG PÅ MEG.

Biletet er av sykkelen min, i dag, to timar etter at eg køyrte frå uhellet til bilsjåføren. Same bilbergar, eg var den som ringde han under uhellet med bilen. Han flirte godt då eg ringde han att, to timar etterpå, for å be om bistand til sykkelen. Eg hadde ganske enkelt punktert....................

Hendingane, og uhellet til trass, det vart ein KNALLFIN dag med mykje god køyring. Varmegrader, berre vegar, ingen is på vegane, god musikk på øyrene.. Eg GLER meg til sumar!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... c7133f.jpg[/img]
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Brukeravatar
SuperMorten
Innlegg: 5292
Registrert: 03 mar 2012, 04:23
Motorsykkelen din: 2005 BMW R 1200 RT
Sted: Åsgårdstrand

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av SuperMorten »

Godt skrevet, og er forøvrig enig i alt.. :prf Bortsett fra denne kjøringa i februar da.. ](*,) ](*,) ](*,) :prop:
[album]3061[/album] [album]3503[/album][album]4642[/album]

Never Ride Faster Than Your Angel Can Fly

Kjørelengde 2012 - 8500 km
Kjørelengde 2013 - 21449 km
Kjørelengde pr 20.6.2014 - 7259 km

Brukeravatar
gorbys
Innlegg: 1150
Registrert: 04 des 2012, 12:12
Motorsykkelen din: Suzuki GS750 E

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av gorbys »

Stryning du? Bra det kjem fleir frå Vestlandet her :-)
Har hatt november dei tre siste månadane her så hadde det ikkje vert for den jævla vinden kunne ein fint kjørt sykkel her og ;-)

Sent from my C6903 using Tapatalk

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av Papi »

SuperMorten skrev:Godt skrevet, og er forøvrig enig i alt.. :prf Bortsett fra denne kjøringa i februar da.. ](*,) ](*,) ](*,) :prop:
Tusen takk! Hehe, køyring i februar går verkleg fint, gud betre så kjekt det er! Er jo nesten seinvinter-temperatur her for tida, og kjempefint føre, så nyter det på alle moglege måtar!
gorbys skrev:Stryning du? Bra det kjem fleir frå Vestlandet her :-)
Har hatt november dei tre siste månadane her så hadde det ikkje vert for den jævla vinden kunne ein fint kjørt sykkel her og ;-)
Stemmer det! Kjende du att staden? Her har vinden endleg roa seg kraftig ned, så er faktisk mogleg å køyre utan å ver redd for å blåse av sykkelen.. Hehehe...

Vel, no er siste nytt med sykkelen at eg punkterte, og i den anleiing, blir begge felgjane demonterte, for å verte Kawasaki-grøne. Dei originale svartevar.. Keisame, så ville ha noko som matcha kåpa. Var visstnok ikkje berre-berre å skaffe nytt bakdekk heller.. Eg hadde Pirelli bak, er det nokon som har abefalingar i forhold til typiske norske vegar, og asfalttype? Tenkjer då på dekk som toler det norske vegnettet, rett og slett. :-)
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

SveinT
Innlegg: 349
Registrert: 03 nov 2009, 23:49
Motorsykkelen din: Div japseveteraner + -97 VFR
Sted: Lardal, Vestfold
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av SveinT »

Biletet er av sykkelen min, i dag, to timar etter at eg køyrte frå uhellet til bilsjåføren. Same bilbergar, eg var den som ringde han under uhellet med bilen. Han flirte godt då eg ringde han att, to timar etterpå, for å be om bistand til sykkelen. Eg hadde ganske enkelt punktert....................
Det er jo en grei påminnelse om at heller ikke jeg har vært så flink til å ta med dekkfiks på boks , men jeg har ikke vært så uheldig.. ennå
Med bilen har jeg i alle fall klart meg med kriserep med en boks i bagasjerommet... Mc boksen kan gå inn i et hulrom i mc'en ;-)
Jeg har lagt merke til at det på bilforumet også er noen som kjører mc .. :-) Men jeg er nok ikke så ofte innom der.

Interessant å lese tråden din. Stå på videre :D

ZZR-Erling

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av ZZR-Erling »

Mye fin lesing her :prf
, men sitter igjen med et spm: hvilke dekk kjører du på i februar? Grunnen til at jeg spør er for å belyse det faktum at sportsdekk ikke blir varme! Du må kjøre sport/turingdekk!

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av Papi »

SveinT skrev:

Dekkfiks på boks, er det så gunstig? Tenkjer i forhold til griseri på felgen, og kor lett det sprekk oppatt? Eg har nemlig aldri brukt slik dekkfiks, er det slikt ein får kjøpt på bilxtra til dømes? Eg er nok på bilforumet også ja, den "største" tråden min er vel film-tråden, som eg prøvar å oppdatere med jamne mellomrom. :redface

ZZR-Erling skrev:Mye fin lesing her :prf
, men sitter igjen med et spm: hvilke dekk kjører du på i februar? Grunnen til at jeg spør er for å belyse det faktum at sportsdekk ikke blir varme! Du må kjøre sport/turingdekk!
Dekket som stod på bak er Pirelli av noko slag. Utover det veit eg ikkje. Burde eg bruke ein spes type dekk til denne "kaldkøyringa"? Eller finst det dekk som passar sykkelen, som også kan brukast i kalde omgjevnadar, såvel som vår, sumar og haust?
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

ZZR-Erling

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av ZZR-Erling »

Ja, sport/turingdekk funker best i all slags temperatur. Et sportsdekk er primært laget for å funke best ved hard kjøring, MEGET hard kjøring. Pga det, blir de sent varme, og kanskje ikke i det hele tatt på vår og høst og februar. :-) . Det er gjort mange tester på dette, og de beste sport/turingdekkene klarer ingen å kjøre for varme på gata, sier Motorrad..
Min kone hadde et stygt forhjulsslipp i pluss 6. Hun kjørte aktivt og på sportdekk.
Du må lese deg opp på emnet.
Noen jeg vil anbefale: Metzeler Z8 O og M versjon, Pirelli Angel GT eller ST, Michelin Pilot Road 3, eller 4, Dunlop Roadsmart.

Jeg for min del kjører helst Metzeler eller Pirelli.

TBI81
Innlegg: 1899
Registrert: 01 mai 2010, 14:52
Motorsykkelen din: Ja

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av TBI81 »

"Dekk på boks" funker som fjell på mindre hull og er alltid med på langtur. Griset på felgen er det kun omlegger så ser noe til - dessuten er det ikke SÅ ille som alle skal ha det til. Har berget meg mange ganger og har kjørt flere hundre mil med "skummet dekk" :thumleft

LordShaft
Innlegg: 6860
Registrert: 31 aug 2010, 00:17
Motorsykkelen din: KTM 1290 Super Adventure
Sted: Bergen
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av LordShaft »

ZZR-Erling skrev:Ja, sport/turingdekk funker best i all slags temperatur. Et sportsdekk er primært laget for å funke best ved hard kjøring, MEGET hard kjøring. Pga det, blir de sent varme, og kanskje ikke i det hele tatt på vår og høst og februar. :-) . Det er gjort mange tester på dette, og de beste sport/turingdekkene klarer ingen å kjøre for varme på gata, sier Motorrad..
Min kone hadde et stygt forhjulsslipp i pluss 6. Hun kjørte aktivt og på sportdekk.
Du må lese deg opp på emnet.
Noen jeg vil anbefale: Metzeler Z8 O og M versjon, Pirelli Angel GT eller ST, Michelin Pilot Road 3, eller 4, Dunlop Roadsmart.

Jeg for min del kjører helst Metzeler eller Pirelli.
Dette er vel strengt talt en sannhet med modifikasjoner.... De nyeste sportsdekkene i dag trenger ikke å kjøres hardt, eller meget hardt for å oppnå optimal temperatur. Nye gummiblandinger gjør at dekkene får mye raskere temperatur. De har også mykere gummi som gjør at festet naturligvis er bedre.
Det er gjort mye tester på nettopp dette og da spesielt på R sykler som BMW s1000RR og Kawazaki Zx10R.

Jeg ville også kjørt med sport touring dekk så tidlig i sesongen. Bare pga veldig lav temperatur i asfalten. Valg av dekk burde også være veldig avgjørende for hvilken kjørestil du har.
Skulle jeg kjøpt nye dekk i sport touring segmentet i dag, hadde jeg gått for michelin pilot road 4 (nye 2014) eller metzeler z8 (dette er dekk merkene jeg har lang og gode erfaringer med)

Brukeravatar
gorbys
Innlegg: 1150
Registrert: 04 des 2012, 12:12
Motorsykkelen din: Suzuki GS750 E

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av gorbys »

Papi skrev:
gorbys skrev:Stryning du? Bra det kjem fleir frå Vestlandet her :-)
Har hatt november dei tre siste månadane her så hadde det ikkje vert for den jævla vinden kunne ein fint kjørt sykkel her og ;-)
Stemmer det! Kjende du att staden? Her har vinden endleg roa seg kraftig ned, så er faktisk mogleg å køyre utan å ver redd for å blåse av sykkelen.. Hehehe...
Kjende igjen Subaruen fra broom reportasjen ;-) veit du når den motorfestivalen er i år? Høyrte rykter om at den var flytt til første helga i juni?

Sent from my C6903 using Tapatalk

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av Papi »

Når det gjeld dekk, sykkelen er ein 636 '05 ZX6R, men eg brukar den ikkje hardt på noko vis. Førebels køyrer eg det meir som ein touringsykkel, rett og slett fordi eg ikkje vil køyre hardt på vanleg veg, då det ofte er mykje trafikk i området. Så då er vel sport-/touring-dekk å føretrekkje, altså einkombinasjon av desse? Eg køyrer vel omtrent "like hardt" gjennom heile "året" det er køyrbart, altså 3-4-5 grader og oppover. Køyrestil.. Vel, eg nyter turane med å ver nyfiken førebels, utan å presse grenser. Eg er ikkje trygg nok til dette, men sykkelen kjøpte eg fordi den er tøff, fordi prisen passa lommeboka mi, og ja, fordi eg tykkjer den er tøff. Simple as that. Michelin Pilot Road, Pirelli, og Metzeler er gode "allround", "all year"-dekk?
Elolz skrev:Herlig sykkel du har, min drømmesykkel i mange år! Synes dette designet er mye penere enn de nyere modellene :-)

Kan anbefale Pirelli Angel GT :thumleft
Tusen takk, er verkleg nøgd med den! Det einaste føreløpig som frustrerar meg, er den elendige svingradiusen samanlikna med GSX-R'n eg hadde. Den kunne til samanlikning snuast på femtiøringen, Kawasakien må eg bruke ein heil flystripebreidde på.. Men either way, VELDIG nøgd, med både utsjånad og heilheitsinntrykk! :D
TBI81 skrev:"Dekk på boks" funker som fjell på mindre hull og er alltid med på langtur. Griset på felgen er det kun omlegger så ser noe til - dessuten er det ikke SÅ ille som alle skal ha det til. Har berget meg mange ganger og har kjørt flere hundre mil med "skummet dekk" :thumleft
Korleis dekk på boks fungerar då? Sprute det inn i luftventilen, eller korleis? Er det noko som er anbefalt meir enn anna? :-)
gorbys skrev:...

Kjende igjen Subaruen fra broom reportasjen ;-) veit du når den motorfestivalen er i år? Høyrte rykter om at den var flytt til første helga i juni?

Sent from my C6903 using Tapatalk
Hehe, det er rart med det, folk kjente den godt att med alt av dekalar på, oppmerksemda var rett og slett ganske moro i lengda! :knegg Eg veit forøvrig ikkje heilt kortid datoen er, er ikkje heilt oppdatert på det sjølv endå. Eg kan nok nevne det her når eg gjer det, fordi eg skal trass alt styre vaktene under drag og parade... :redface :prop:
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

TBI81
Innlegg: 1899
Registrert: 01 mai 2010, 14:52
Motorsykkelen din: Ja

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av TBI81 »

Papi skrev:
TBI81 skrev:"Dekk på boks" funker som fjell på mindre hull og er alltid med på langtur. Griset på felgen er det kun omlegger så ser noe til - dessuten er det ikke SÅ ille som alle skal ha det til. Har berget meg mange ganger og har kjørt flere hundre mil med "skummet dekk" :thumleft
Korleis dekk på boks fungerar då? Sprute det inn i luftventilen, eller korleis? Er det noko som er anbefalt meir enn anna? :-)
Rett i luftventilen ja. Funker også bra på bil om uhellet er ute. Har kun kjøpt på bensinstasjoner selv og det har alltid funket for meg (men er det for store hull så renner det rett ut)..

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som biker

Legg inn av Papi »

TBI81 skrev:Rett i luftventilen ja. Funker også bra på bil om uhellet er ute. Har kun kjøpt på bensinstasjoner selv og det har alltid funket for meg (men er det for store hull så renner det rett ut)..
Då trur eg at eg skal gå for noko slikt ja.. Er ikkje mykje plass eg har på sykkelen, men får no sjå kva ein kan gjer med det. :-)