Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Din egen Forum-blogg! Om MC-livet ditt og annet du vil dele med andre.
Svar
Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Takk for det KZ, og gratulerer med ny MC :-)

I dag vart det ein aldri så liten langtur gitt. Fekk tekstmelding frå ein venn om eg ville vere med på tur, og eg tenkte det var på tide å få nokre mil på baken etter gammalt. Turen gjekk ganske nært den ruta vi hadde med MCsiden i september, berre i motsatt retning. Det vart pluteslig 40 mil i løpet av ein dag :-)

Ein heilt herleg tur med nydeleg vær. Ei bittelita regnbyge ved Vrådal, men ellers sol og fint.

Turen gjekk omtrent som dette:
- Kongsberg
- Notodden
- Bø (opp bak flyplassen på Notodden)
- Gvarv
- Ulefoss
- Lunde
- Kilen
- Vrådal
- Vråliosen
- Åmdals Verk
- Dalen (ikkje innom sentrum)
- Åmot
- Øyfjell
- Rauland
- Rjukan
- Tuddal
- Sauland
- Notodden
- Kongsberg

Eg er ikkje heilt stø på alle namna her, så dersom noko ikkje er heilt rett, så er det Google Earth som har lurt meg :P :p

Det var stort sett veldig fine vegar, men litt grus hadde lurt seg utpå enkelte plassar etter regnskyll. Mellom Åmot og Rauland var vegen stengt pga flom, men vi kom oss rundt via Øyfjell. Her var det svært dårleg veg ein del av strekninga, med telehiv og store hol i asfalten slik at det låg til dels grov grus i vegbanen. Litt kreativ køyring på ein sykkel som i utgangspunktet ikkje likar ujevn veg, og som i tillegg har heilt øydelagte støtdemparar :P Trur nok at både framhjul og bakhjul var over vegen eit par gongar, med påfølgande vingling... Såg sikkert veldig morsomt ut bakafrå :lol

I Vrådal stoppa vi og åt på kafeteriaen. Det kom eit følge på ca 10 syklar som stoppa ved butikken på andre sida av vegen. Var det nokon her i frå skal tru? Eg fekk ikkje snakka med dei, men eg såg at den eine sykkelen var veldig lik min. Ein 80-talls Intruder med svart lakk. Det var også ein gammal Triumph, ein BMW 800F, og ein del andre som eg ikkje er sikker på. Ein liten raud med sidevogn kom også slentrande innom :-)

Køyremessig var det litt blanda erfaring for min del. Dette var første skikkelege tur etter vinteren, og det var rart å merke kor ustø eg var. Heilt feil sporvalg og nølande kurver inn i og ut av svingar. Vi bytta plass slik at eg var bakerst ei stund, og då klarte eg å komme litt inn i det igjen. Etterkvart vart det skikkeleg gøy å køyre svingar igjen :-) Eg treng mykje meir trening og er i høgste grad ein fersk førar, men etter ein slik langtur merkar eg at kroppen begynner å kjenne seg trygg på sykkelen. Akkurat den deilige følelsen det skal vere :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Sted: Røyken

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Carpa »

Det der så ut som en fantastisk tur. Jeg har syklet (på tråsykkel) gjennom flere av disse stedene (fra Dalen til Lunde) og det er vakkert der. Om jeg ikke husker helt feil så overnattet vi på en veldig fin campingplass på Kilen
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Har lasta ned ein app for forum på Android. Må teste om den virkar som forventa :-)

EDIT: Den funka :-)
Då skal det vere mulig å legge inn litt småinfo frå mobilen, men nokon avhandling blir det nok ikkje. Er så treigt å skrive på touch-tastatur :P :p
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
SuperMorten
Innlegg: 5292
Registrert: 03 mar 2012, 04:23
Motorsykkelen din: 2005 BMW R 1200 RT
Sted: Åsgårdstrand

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av SuperMorten »

Nei, det blir kun nødvendig info fra telefon. Tungvint og spesielt vanskelig ute i sollys synes jeg.
:D
Sent from my GT-I9300 using Tapatalk 4 Beta
[album]3061[/album] [album]3503[/album][album]4642[/album]

Never Ride Faster Than Your Angel Can Fly

Kjørelengde 2012 - 8500 km
Kjørelengde 2013 - 21449 km
Kjørelengde pr 20.6.2014 - 7259 km

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Sted: Røyken

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Carpa »

Det beste med Tapatalk er at du kan laste opp bilder der og da, hvor enn du måtte befinne deg (så sant det er mobildekning) :thumleft
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Eg prøvde eit alternativ til Tapatalk, så eg er ikkje sikker på om det støttar bilder. Ser ikkje slik ut. Det er uansett nok til å kunne lese på forumet og skrive enkle svar :-)

Må sjekke ut eit par andre alternativ når eg får tid.

Tenkte å investere i formstøpte øyreproppar med monitor og kombinere dette med ein tur til Oslo for å kjøpe støtdemparar. Ringte til Hantek i dag, men dei har stengt heile denne veka pga ombygging :-(
Mulig det må bli tur i neste veke i staden då. Må jo tilpasse det med fri frå jobb og slikt, så det er ikkje berre å stikke avgarde.

Vurderer å kjøpe ACS T15 saman med proppar frå PRO-serien
Eg håpar dette er ein god kombinasjon som gir både god støydemping og fine musikk-opplevelsar :-)

Erfaringar og evt andre forslag mottas med takk.
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Legg inn av Chevy1974 »

Har hatt meg ein fin tur til Oslo i dag. Bestilte nye bak-demparar hor Hjelpis Motor-stall og avtalte å få skifta dei i dag. Veldig hyggeleg og god service, og mitt førsteinntrykk er at det er god ekspertise blant dei ansatte.
Etter å ha kikka litt på sykkelen min sa han at både gaffelen, styrelageret, og opphenget bak er dårleg. Det var tydeleg slakk i opphenget når han veri sykkelen og bakhjulet sidelengs. Ingen gladmelding akkurat, men eg bør vel få fiksa det også etterkvart.

Etter å ha hatt ein del risting i nokre dagar trudde eg at framhjulet hadde mista ein ballanse-vekt. Dekket var av ukjent alder og hadde litt hard gummi, så då vart det like så godt nytt framdekk også i dag :-)
Dessverre forsvann ikkje ristinga, så det er mulig det er bakhjulet som har fått rista seg nok til at vektene har forsvunne. Eg høyrde eit smell i potta (metall-klunkelyd) når eg køyrde på svært dårleg veg over Øyefjell forrige helg, så det eg trur det er dette som forårsakar ristinga.

Er jo ikkje så dumt med nytt framdekk uansett då, sjølv om eg strengt tatt kunne ha køyrt med det gamle ei stund til. Trur i alle fall at det nye har vesentleg bedre grep enn det gamle :-)

Turen heimatt gjekk om søndre del av Tyrifjorden. Var så mykje trafikk på E18 ut av Oslo at det var berre å komme seg derifrå så fort som mulig :P :p
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Svar